-Ingen skal måtte velje vekk ein idrett
Forfatter: Svein Kristiansen
21. september 2022
Samarbeidsavtalen mellom handball og fotball er fornya. Samtidig kjem det ei lita påminning til foreldre, trenarar og lagsapparat for øvrig.
Tekst og foto: Ingmar Sægrov
I dag har STIL Fotball, STIL Handball og GHK hatt sitt årlege samarbeidsmøte og fornya samarbeidsavtala mellom fotballen og handballen. Vi ønskjer å sende ut ei påminning om å sette seg inn i avtala der målet er å tilretteleggje for at utøvarane skal kunne vere aktive i begge idrettane så lenge dei ønskjer det. I denne perioden er det viktig med god dialog mellom lagsapparata som har same årskull.
Målsettinga er enkel: Vi ønsker å tilretteleggje slik at spelarane ikkje må velje vekk ein idrett, samtidig må vi oppretthalde eit så godt tilbod at dei som kun driv med ein idrett får eit godt tilbod.
Det skal bli akseptert at spelarane som deltek både på fotball og handball ikkje treng å møte på samtlege treningar. Her er det svært viktig at lagsapparata er positive til barn/unge som ønskjer å drive med fleire idrettar og ta dei godt i mot på trening og kamp. Begge idrettane skal i så langt det let seg gjere prøve å unngå kollisjonar på treningsdagar/kampdagar.
Handball-gruppene og fotballgruppa får delvis kritikk for at vi ikkje har noko samarbeid med dei andre idrettane og andre kulturtilbod. Men det er ikkje mogleg å lande ei avtale som når alle. Det viktigaste er god dialog mellom lagsapparata og ha ei positiv innstilling til spelarane at det er heilt greitt at dei driv med ulike aktivitetar.
Det blir også kollisjonar sidan enkelte årskull er inndelt ulikt frå idrett til idrett og fleire idrettslag har utfordringar med å få tak i nok trenarar. Då blir det dessverre kollisjonar på enkelte treningsdagar, men vi håper at god dialog løyser desse utfordringane.