[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Deadline Day

Forfatter: Gro Pleym Iversen

11. september 2023

Fotball
News article image

Innan midnatt måndag 11 september er siste frist for å få gjennomført overgangar på spelarar. STIL-Fotball er svært glade for at vi dei siste vekene har fått på plass tre solide spelarar som går rett i troppen til herrelaget.

Kristoffer Hjelle

Kristoffer er eit kjend namn som har mange kampar for STIL. Sidan hausten 2021 har han spelt for Jølster i Kretsligaen. Breimningen som kom til STIL når han blei 15 år har spelt både på midtbana og som stoppar. Kristoffer Hjelle utmerkar seg med god tilstedeværelse og har eit vinnarinstinkt som vi sett pris på. God pasningsfot og god på å lese spelet. Hjelle har fått seg god erfaring dei siste åra og blir viktig både på trening og i kampane utover hausten. Han har spelt 90 min både mot Studentspretten ,Høyanger og mykje speletid mot Måløy etter overgangen og levert gode kampar sålangt.

Andreas Bjørkum Vereide

Andreas flytta heim til Sandane i sommar. Han har tidlegare spelt svært mange kampar for STIL og fekk også kampar for Sandane når dei spelte i Firdaligaen i 2010. Vereide gjekk deretter til Stryn der han leverte godt. Han flytta til Dale for å jobbe og har spelt seniorfotball i Fjaler. Andreas er ein kraftpakke som er duellsterk og god i lufta.

Dessverre har han vore plaga med skader, men har eit ønskje om å prøve seg igjen utover hausten. Andreas kjem sjølvsagt til å styre belastninga sjølv framover, og om har bestemmer seg for eit lite comeback utover hausten, får Sandane ei solid forsterkning.

Magnus Klakegg

Magnus sin overgang er den siste i dette «overgangs-vinduet», og den blei klar seint 10 september. Magnus er ein hardtarbeidande spelar som trivst best i midtbaneleddet. Han har ein enorm arbeidskapasitet og viser stort engasjement. Han er ein god lagspelar som vi er svært glade for å få med på laget.

Klakegg har vore ute med kneskade over ein lengre periode, men fekk eit etterlengta innhopp for Jølster 16 mai ,mot nettopp Sandane. Han har trent godt den siste tida og Magnus blir viktig både i treningskvardagen og i kampane utover hausten.

Vi ønskjer alle tre velkommen til klubben!

Stor takk til tidlegare klubbar for god dialog og takk til FIKS-ansvarleg i STIL-Fotball, Heidi Solheim. Solheim vidaresender dei elektroniske overgangane i rekordfart og gjer det mogleg at vi kan få spelarar kampklare innan kort tid.

Foto: Frå venstre Magnus Klakegg og Kristoffer Hjelle. Andreas Bjørkum Vereide (bilde nr. 2 under)


Custom image