[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

-Vi er klare

Forfatter: Svein Kristiansen

12. april 2016

Fotball
News article image

Vi spela kampen mot Førde 2 med spelarar som var blytunge i beina etter hard og massiv trening. No lettar vi på intensiteten og er klar for serieopninga mot Tornado Måløy førstkomande fredag. Trenarane Øyvind Hervik og Espen Aagård ser fram til seriestarten.

3-10 mot Førde 2 i siste treningskamp lovar kanskje ikkje det beste, men i Sandaneleiren heng dei ikkje med hovudet. Seinast i fjor tapte STIL 2-7 mot same laget i treningskamp, medan det vart Sandanesiger i begge serieoppgjera (1-0 og 3-2). Førde 2 havna på andreplass i 4. divisjon i 2015, medan Sandane kom på 5. plass. 

Custom image

Sandane serieopnar mot TMFK fredag 15. april kl. 1900, i Sandane Idrettspark.