Anlegg for over 20 millionar: korleis fekk STIL fotball det til?
Forfatter: Svein Kristiansen
24. desember 2023
Uredde fotballeiarar har gjort STIL til ein tydelegare samfunnsaktør.
20 år med anleggsvekst, utvikling av organisasjon og sportsleg breidde
Heilt kvar ein skal begynne når ein skal oppsummere STIL fotballs nyare historie er ikkje så enkelt.
Men eitt stikkord er uredde leiarar, som i tillegg til å ta seg av den daglege drifta av klubben samtidig har hatt overskot til å løfte blikket og sjå framover. I perioden frå 2005-2023 har fotballgruppa i STIL utvikla breiddeklubben Sandane samtidig som dei har vore ein aktiv næringsaktør (utvikla eit idrettsanlegg til ein kostnad på over 20 millionar kroner) og tatt nye steg som samfunnsaktør.
Dei siste 20 åra har STIL fotball vore velsigna med svært framtidsretta, dyktige leiarar:
Rolv Almenning (2003-06) – brakte tanken om at det måtte byggast ei kunstgrasbane viktige steg framover.
Jan Inge Erdal (2006-10) – bidrog avgjerande til at kunstgrasprosjektet vart gjennomført.
Sjur Gimmestad (2011-21) - fullførte Garderobebygg, kaldhall og tribunebygging i Sandane Idrettspark. Igangsette viktige organisasjonsutviklingsprosjekt: STIL som kvalitetsklubb. Vart årets klubbleiar i Sogn og Fjordane i 2015.
Gro Pleym Iversen (2021- ) Årets klubbleiar i Sogn og Fjordane 2022. Har renovert klubborganisasjonen, ført klubbdrifta i retning av eit profesjonelt nivå med ein klar strategiplan og har plassert STIL som ein endå tydelegare samfunnsaktør som tilrettelegger for at flest mogeleg barn og unge skal få utfalde seg i idretten, blant anna med prosjektet Landsbyen oppdrar barna saman.
Les dette intervjuet med ballfordelaren Gro: Det nye styret var neppe heilt førebudd på kva som venta.
Martin Holvik var kasserar i STIL i 9 samanhengande år, fram til 2013. I eit intervju på heimesida til STIL sa han følgande om kven som bør få æra for Sandane Idrettspark:
–Vi har einskildpersonar i laget som var heilt avgjerande for å få realisert anlegget på Myklebustflata. Jan Inge Erdal, Sjur Gimmestad og Arild Bruland var dei sentrale, saman med Ingolf Aagård, som styrte sponsorarbeidet. Den same Ingolf er framleis ein krumtapp i det som no skjer rundt Idrettsparken. Ingolf held fast i ting, føl opp det som er avtala og viser eit stort engasjement. Han er ein tilretteleggar i stort format!
Vi får legge til, sidan han ikkje sa det sjølv: Martin Holvik si stødige hand var også ein viktig grunn til at STIL kunne våge å investere store summar i Sandane Idrettspark. -Vi har fått eit fantastisk anlegg til fri bruk, konstaterte Martin i 2013. Og den avtroppande kasseraren kunne ikkje skjule eit lite smil når han la til: -STIL er utan gjeld i dag.
Kaldhall og tribune
Sidan har STIL fullført utbygginga av kaldhall og tribune i Idrettsparken. Fotballeiar Sjur Gimmestad viste seg som ein gjennomførar av rang, med god økonomistyring og ei formidabel evne til å få med seg ressurspersonar.
STIL har i dei same åra utvikla seg stort som breiddeklubb, noko som i stor grad gjenspeglar auka satsing på det sportslege apparatet i klubben. Trenar- og leiarutdanning og ikkje minst etablering av funksjonar som trenarkoordinator har vore viktige grep. Sannsynlegvis har trenarkoordinatorane Torbjørn Gran og seinare Margot Nesgård og Ingmar Sægrov, vore dei aller viktigaste aktørane i STIL-fotballen på det sportslege området dei siste 10 åra.
Les meir:
Sjur Gimmestad - klubbutviklar og gjennomførar av rang
Margot Nesgård blir UEFA B-trenar (2018)
Torbjørn takkar for seg (2018)