[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Kjempetap for Sandane

Forfatter: Svein Kristiansen

07. august 2015

Fotball
News article image

Sandane tapte heile 3-7 for Høyang, og har ein del å tenke på.

Sandane gjekk på ein skikkeleg smell mot Høyang. Etter ein fin start på kampen, overtok Høyang og det som skulle bli kampens melodi byrja ganske raskt. Høyang kom til enkle mål. HILs folk hadde tempo som STILs forsvar såg ut til ikkje kunne matche, og fleire av Høyangs mål kom som følgje av hurtige ballvekslingar og eit Sandaneforsvar som ikkje heilt hang med. Det sto 0-2 då ein halv omgang var spela, og det såg mørkt ut for dei blå.

Høyang var imidlertid ikkje så mykje betre enn Sandane reint spelemessig, og då Eirik Rauset og Ingar Sårheim skåra kvart sitt mål på knappe fire minutt, var STIL med igjen i kampen. Den store skilnaden på laga var nok Thomas Frichsen. Han sette først inn ei straffe og var sidan smart og god då han auka gjestene si leiing til 4-2, fem minutt før pause. På overtid i første omgang var imidlertid Thomas Dyrrdal der og reduserte til 3-4 med eit godt skot. 

Utover i andre omgang sto kampen og vippa, og Sandane hadde sin rikelege del av spelet. Men i sluttfasen av kampen var det Høyang som hadde best fasong, og det enda med at Høyang skåra tre gonger til (Frihcsen, Eyobe og Olsen). 3-7 er eit frykteleg resultat for STIL i ein kamp der laget godt kunne skåra fleire mål på feite sjansar som baud seg. Men der Høyang var dyktige og målretta, var STILs menn ikkje venner med ballen i det avgjerande øyeblikket. 

Sandane - Høyang 3-7 (3-4)

0-1 (13. min) Thomas Frichsen

0-2 (22. min) Andreas Berge

1-2 (24. min) Eirik Rauset

2-2 (27. min) Ingar Sårheim

2-3 (29. min) Thomas Frichsen (straffe)

2-4 (40. min) Thomas Frichsen

3-4 (45. min) Thomas Dyrrdal

3-5 (80. min) Thomas Frichsen

3-6 (82. min) Daniel Eyobe

3-7 (85. min) Sander Stølen Olsen

Dommar: Yngve Håkonsen, Fjøra FK

Gult kort Sandane: Torbjørn Gran

Gult kort Høyang: Mats Loftesnes

LIVEreferat frå kampen