[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

FOTBALLSPELAR MED ENGASJEMENT FOR BORN OG UNGE SIN OPPVEKST

Forfatter: Svein Kristiansen

24. januar 2023

Fotball
News article image

Mads Wie er kjent som ein notorisk målskorar i lokalfotballen i Sogn og Fjordane. Sjølv om han er oppflaska i STIL,så har han og spelt for klubbane Tornado Måløy, Varegg, Stryn og Eid. No er han komen attende der han høyrer heime - i den blå drakta til STIL. Dette er sjølvsagt bra for STIL sitt herrelag, men truleg vel så bra for barne-og ungdomsfotballen på Sandane. I dette intervjuet tek Bjarte Gangeskar ein nærare kikk på fenomenet Mads.

Av Bjarte Gangeskar

Mads er nemleg det næraste ein kjem ei fotballstjerne i vårt lokalmiljø. Men, ulikt andre fotballstjerner så er ikkje Mads mest opptatt av seg sjølv – han er mest opptatt av dei rundt seg og korleis han, og alle vi andre vaksne, kan bidra til å gje born og unge ein trygg og god oppvekstarena.

Men fyrst litt om fotballspelaren Mads. Det har gått gjetord om dette talentet så lenge at ein skulle tru han no er så gammal no at han burde lagt opp for lenge sidan. Men, han er ikkje meir enn 30 år - og kan då sjølvsagt spele fotball i mange år enno. Allereie som tenåring var han på prøvespel i Stabekk og Ålesund, saman med noverande trenar i STIL, Simon Gimmestad. Vi som var opptatt av lokalfotballen, rekna då med at ein plass på eit eliteserielag var neste stopp. Slik vart det ikkje.

-Nei, slik vart det ikkje, seier Mads – og konkluderer med at han kanskje kunne ha spelt på eit høgare nivå dersom han hadde gått «all inn», som det populært heiter. -Eg er ein heimekjær person som trivast godt i lokalmiljøet og med familien rundt meg. Eg valte å gå på vidaregåande på fantastiske Firda, framfor Norsk Toppidrettsgymnas. Etter åra på Firda satsa eg vidare på utdanning. Sjølv om eg av og til tenkjer på kor langt eg kunne nådd som fotballspelar, så er eg godt nøgd med det valet eg har teke. Det viktigaste er å trivast med det ein gjer – ikkje å gjere det alle andre forventar av ein.

Custom image

Bildet: Mads Wie har alltid vendt tilbake til moderklubben etter engasjement andre stader. Her er underskrifta i boks, i 2017 (Foto: Svein Kristiansen).

Så tilbake til engasjementet for born og unge. Du er utdanna barnehagelærar og jobbar som lærar og inspektør på Sandane skule. På fritida er du med og trenar eit lag med 13 -åringar.Eg har og høyrt rykte om at du og møter opp på kampar og andre arrangement der spelarane og elevane dine deltek. Kva er filosofien din bak dette?

-For meg handlar det om å bygge relasjonar når born og unge er i meistringsmodus. Det handlar om å sjå borna på fleire arenaer og få dei til å kjenne seg verdsett. Desse små møta gjev utgangspunkt for mange gode samtaler, t.d. på skulen. Borna blir rett og slett meir mottakelege for rettleiing når ein har ein god relasjon til dei. Dessutan så er det ikkje berre born som har nytte av å bli sett. Når eg møter born på Sandane som helsar og seier «hei Mads», så betyr jo dette noko for meg og.

Kva tenkjer du er det viktigaste vi kan gjere for at born og unge skal oppleve seg sett og verdsett?

-Det skal i grunnen ikkje så mykje til. Eit hei, eit vennleg klapp på skuldra og eit smil kan bety meir enn du trur. At ein i tillegg då kan ha ein felles referanse til ein fotballkamp eller ei danseframsyning er gull verdt. Folk er ulike og i ulike livsfasar, så ein skal ha respekt for at alle ikkje kan stille opp på alt, men akkurat no har eg den tida dette krev av meg. Men, det er viktig å hugse at det ikkje alltid er så mykje som skal til. Sjølvsagt er de viktig å sette grenser for born og å korrigere negativ åtferd. Men, dette fungere alltid mykje betre når ein har ein god relasjon og nokre felles referansar i botn.

Heilt konkret – mange vaksne klagar over born og unge sin språkbruk i dag. Kva tenkjer du om det – og ev. korleis kan vi møte ei slik utfordring?

-Tja, er vi no så sikre på at alt var så mykje verre enn før? Kanskje er ting berre meir synleg. Påverknad frå media og sosiale medium er vel og med å senke terskelen for kva ein kan sei og gjere i det opne rom. Kanskje er den største forskjellen at born og unge no, i mindre grad skjuler «fantestrekane» sine enn det vi gjorde? Uansett må vi vaksne vere gode førebilete. Vi får ikkje bukt med banning og stygt språkbruk utan at «heile laget er med». Altså må vi starte med oss sjølv. Og, ikkje minst, vi må velje våre «kampar». Dersom vi heile tida skal springe rundt med peikefingeren og korrigere alt ungane utfordrar oss på, så blir det lite triveleg, både for oss og borna. Ja, vi skal kanskje hugse på at Sokrates klaga på ungdomen for 2500 år sidan og?

Eg har høyrt rykte om at du og har spelt inn film, stemmer det?

-He, he dette var frå pandemitida då barnehagen var stengt. For å halde ei slags kontakt med ungane lagde vi som då høyrte til Rygg barnehage det vi kalla «Rygg Karantene TV». På denne måten fekk vi på eit vis sett ungane, sjølv om barnehagen var stengt.

Tilbake til fotballen, kva er ambisjonane dine som fotballspelar?

-Plana no er å halde på så lenge kroppen toler det og eg tykkjer det er kjekt. Eg har slite litt med skader i det siste – og det kombinert med at eg byrjar å bli vaksen – i alle fall mål i kronologisk alder – gjer at det neppe blir noko overgangseventyr på meg i framtida.

Heilt til slutt Mads, har du ei oppmoding til lagkameratane dine når det gjeld rolla som førebilete?

-Fyrst og fremst skal dei vere seg sjølve. Deretter skal dei hugse på at det ikkje er så mykje som skal til for å vere med å styrke sjølvbilete til eit born. At ein på A-laget seier hei og til og med kan vere med å slå ei pasning eller to, det kan bety ein forskjell.