Knallsterkt KM
Forfatter: Svein Kristiansen
05. mars 2023
Årets KM i futsal lovar godt for STIL-fotballen i åra framover.
Foto: Gro Pleym Iversen
STILs G16-lag var med heilt til slutt i KM futsal. I semifinalen vart det eit knipe 1-2-tap for Stryn 1, som til slutt tok KM-tittelen. I bronsefinalen vann Sandane-gutane 3-2 over Høyang.
Trenarteamet var svært nøgde med gutane. -Karane våre gjer ein fantastisk god jobb i dag. Fokuserte frå avspark og spelar med høg intensitet og kvalitet. Det er høgt nivå på alle laga som er med i turneringa, og det var veldig kjekt å sjå at vi hevda oss såpass godt, både med G15 og G16. Sølv for G15 på laurdag og bronse for G16 i dag står det verkeleg respekt av. Dette er ein flott gjeng gutar som har spela saman over fleire år, og som det er utruleg kjekt å få vere trenarar for. Spesielt når dei er blitt så gode som dei har blitt no, og hevdarseg i toppen i Sogn og Fjordane. Det er ein god stamme spelarar som STIL vil få glede av i mange år framover (artikkelen held fram under bildet).