[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sånn, ja, Sandane

Forfatter: Svein Kristiansen

19. mars 2016

Fotball
News article image

Sandane - Bremanger 5-0 (4-0): STIL kom sterkt tilbake etter ei svak forestilling sist helg. I dagens kamp var det ingen tvil og seieren over Bremanger var faktisk eitt mål for liten. (Oppdatert med film frå skåringane).

Jonas Løvland hadde nemleg eitt skot i mål i andre omgang, men ballen spratt ut att så raskt at dommar Førde ikkje fekk hendinga med seg. 

Frå start av såg Bremanger ut som eit homogent lag, med mange gode ballbehandlarar. Dessverre for gjestene kom Sandane til tidlege og lette mål etter slurv i dei bakre rekkene. 1-0 kom ved Eirik Rauset. Ein corner og ein pussig situasjon rundt BIL-keeperen i forkant. Kun 3 minutt seinare sto det 2-0 etter eit fint angrep med ballen i mange trekk. Dyrrdal fann Løvland som avslutta med eit fint skot i høgre hjørne

Kampen var berre 11 minutt gamal og Sandane førte no spelet. 0-3 kom ved Eirik Rauset midtvegs i omgangen. Sandane vart levert ei gåvepakke frå Bremangers forsvar, meir er det ikkje å seie om den tingen. Etter 36 minutt kom 0-4. Thomas Dyrrdal fekk ballen via dommar Førde, drog av ein mann og leverte perfekt til Jonas Løvland som avslutta sikkert. 

I andre omgang var Magnus N. Bolseth frampå alt etter 35 sekund. Han fekk ballen på høgre side og slo BIL-forsvaret på tempo. Avslutninga var ein Coutinho-inspirert affære, og verst mogeleg for Bremanger, som gjerne ville inn igjen i kampen. 

Bremanger hadde eit stolpeskot i første omgang, og hadde også fleire mogelegheiter i andre. Men Simon Gimmestad var umogeleg å passere for dei raudkledde. 

Tore Rylandsholm spelte sentralt for Bremanger, og han slår fast at laget hans var uheldige med kamputviklinga. -Vi gav frå oss tre lette mål. Etter det kom vi tilbake i kampen, men vi hadde ikkje marginane med oss, korkje på 0-4 eller 0-5. 

STIL-trenar Øyvind Hervik konstaterte at mannskapet hans denne gongen fekk til meir av det dei har øvd på i vinter. -Vi fekk også litt svar på ein del spørsmål. Første omgang var meir eller mindre perfekt frå vår side, og vi gjennomførte heile kampen godt, seier Hervik.

Kampfakta og meir om kampen HER