Velkomen til TINE Fotballskule
Forfatter: Svein Kristiansen
19. juni 2015
Fotballskulen har rekorddeltaking og vi gler oss til tre flotte aktivitetsdagar i Idrettsparken.
Fotballskulen på Sandane er blitt ein årviss tradisjon dei tre første dagane av sommarferien.
Allan Mardal, sjef i aldersbestemt fotball i STIL, har følgt vermeldingane på YR med argusauge den siste tida, og kan melde om litt vekslande verutsikter. Temperaturane skal heldigvis bli høgare, men deltakarane må sjølvsagt vere kledd for variert ver. -Om det mot formodning skulle bli full sommar er det og lurt å tenke på solkrem på ubeskytta kroppsdelar. Vi vil tilby dette om aktuelt, men greit at ungane får første dose heime i tilfelle sol, varslar Mardal.
Han har også ei oppmoding til alle foreldre: hugs å merke alle klede og anna utstyr med namn! Med langt over 100 ungar vil dette forenkle attfinningsprosessen.
Vel møtt til Tine-Fotballskule mandag!
Det er registrering frå kl 0930.
Ei oppmoding til alle: Flott om de går inn døra på langveggen, dette vil gjere det lettare for oss å registrere og hjelpe ungane til rett gruppe.