[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Oppstryn - Sandane 2 5-3

Forfatter: Svein Kristiansen

30. august 2016

Fotball
News article image

Sandane 2 vakna litt for seint, men det var fleire ting å glede seg over etter møtet med Oppstryn.

Oppstryn - Sandane 5-3

6. div avd 3

Sandane: Arne N. Gangeskar, Espen Reed Lote, Egil Brekke, Johan Lothe, Håvard B. Holvik, Kristian Møll, Nimrod Issac, Sverre Løken, Daniel Tsehaie, Torbjørn Gran, Ruben E. Nesdal, Aron Rauset Skogli, Samson Vonen. 

Sandane 2 spela tysdag kveld bortekamp mot Oppstryn, og unggutane frå Sandane oppdaga litt for seint at det gjekk an å skubbe seg på vaksenkarane frå Oppstryn. 

-Oppstryn er blitt eit velspelande lag, og spelar god fotball, melder Sandane-trenar Torbjørn Gran. Han beskriv eige lag som "sovande" fram til det sto 5-1 til vertane. - Då vakna vi. Dei siste 35 minuttane gjer vi ting som vi har trent på og snakka om. 

Gutespelarane Aron Skogli og Nimrod Issac fekk sin debut for andrelaget til STIL. - 6. divisjonslaget vårt er ein god utviklingsarena for unge spelarar som kan få kjenne litt på nivået og kva som krevst, seier Torbjørn Gran. 

STIL-trenarane framhevar Arne N. Gangeskar, som held oppe trøkket, snakkar og styrer frå sin keeperposisjon. -Arne har hatt ei flott utvikling, seier Gran, som også nevner lagkaptein Egil Brekke og debutant Nimrod Issac, begge leverte verkeleg god innsats i denne kampen.