[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane - Vik 5-0 (2-0)

Forfatter: Gro Pleym Iversen

22. juni 2023

Fotball
News article image

Sandane glitra i Idrettsparken.

Eit svært velspelande Sandanelag varta opp med god fotball og topp underhaldning i ein godt besøkt Idrettspark torsdag kveld. Med seieren passerte Sandane motstandar Vik på tabellen.

Dagens STIL-spelar: Jonas Løvland.

Firdalive

Bjarte Skaaden om kampen: Omsider får vi vist kva vi kan. Vi har full kontroll ein stor del av kampen, og vi spelar fin fotball. Vi skårar også fem flotte mål, og kunne hatt endå fleire, sa ein svært nøgd Skaaden etter kampen,

Joakim Blomseth Skjerven, spelande trenar for Vik: Dette var ein dårleg kamp av oss. Vi var rett og slett ikkje på, rakk Blomseth Skjerven å seie før han smatt inn i garderoben i von om å rekke tunnellar og vegarbeidsområde i tide.

Dommer: Andreas Ytredal Akse (Hyllestad IL)

Ass.dommer 1: Simen Erdal Ones (Sandviken, IL)

Ass.dommer 2: Anders Paulen (Breimsbygda IL)

Foto; Stig Høynes, Haugenfotball.no