Målkalas på Sandane
Forfatter: Svein Kristiansen
19. august 2022
Mangla sine faste målvakter, men leverte varene, både defensivt og offensivt.
Sandane – Sogndal 3/Fjøra 2 7-2 (3-2)
5. divisjon
Dommar: M. Barlla, Eid
0-1 (5. min) Nathaniel Maristuen
1-1 (8. min) Halvard Bjotveit
1-2 (26. min) Toran Kaldestad
2-2 (40. min) Vegard Holen Eimhjellen
3-2 (41. min) Sander Rauset
4-2 (55. min) Mads Wie
5-2 (78. min) Halvard Bjotveit
6-2 (83. min) Andreas Bjørhovde Heggedal
7-2 (85. min) Mads Wie
STIL måtte klare seg utan Simon Gimmestad (gratulerer med barnet, Simon!) og Almar Færseth (skadd), og det måtte utespelarar til i mål i denne kampen.
Sandane opna friskt og hadde initiativet dei første fem minutta. I Sogndal 3s første angrep gjekk ballen i to trekk før den låg i nettet bak Mads Wie i Sandane sitt mål. Etter denne kalddusjen viste STIL at det er tæl i laget. Ei nydeleg frispeling av Halvard Bjotveit på venstrekanten var det som skulle til. Bjotveit hadde på ingen måte ein ferdigskåra sjanse, men dokumenterte til gjengjeld eit perfekt blikk for spelet og ikkje minst ein følsom skotfot: frå kanten av 16-meteren vart ballen sendt nydeleg i mål i lengste hjørne, utagbart for Sogndals keeper.
Dagens allsidige spelar (saman med Jon Andre Rebbestad), Mads Wie, vakta STIL sitt mål med bravur, men kunne ikkje hindre Sogndal i å gå opp i ny leiing etter at STILs forsvar strevde med klareringa etter ein corner.
STIL spelte seg også til store sjansar og det er ikkje vanskeleg å la seg begeistre av det kontante, fine samspelet som STIL vartar opp med offensivt.
Sogndal spelte seg til nokre gode mogelegheiter, men så var det klart for å sette skapet på plass: Petja Cink tok sjølv frisparket etter at han vart felt litt utanfor 16-meteren. Det som skjedde såg innøvd ut og Vegard Holen Eimhjellen utlikna til 2-2 frå 7-8 meters hald. Minuttet etter var det Sander Rauset sin tur: sterkt arbeid på høgrekanten og kontant avslutning i mål.
I andre omgang var ein praktomgang av Sandane. Laget spelar med stor dugleik, med eit tempo, intensitet og nivå i spelet som varmar eit fotballhungrig publikum.
Mads Wie fekk avløysing av høgreback Jon Rebbestad i mål i andre omgang, ei oppgåve som Rebbestad løyste med autoritet. Mads Wie skapte roa Sandane trengte med eit kontant mål tidleg i andre omgang. Etter dette var Sandane i sjefsstolen og det var fullt fortent då dagens mål vart servert i det 78. minutt: Mads Wie med ei smart vending og ein presis 35-meters pasning til Halvard Bjotveit på venstre kant. Bjotveit med glimrande mottak og ein susar i lengste hjørne.
Andreas Bjørhovde Heggedal hadde ein god dag på Sandane si midtbane, og var fint frampå då det vart 6-2. Kort tid etter viste ein annan glimrande midtbanemann seg fram: Petja Cink med pasning til Mads Wie som flikka ballen i mål.
-Først og fremst ein sterk lagseier, var trenar Bjarte Skaaden sin attest etter kampen.
Juryen kåra Vegard Hole Eimhjellen som Dagens STIL-spelar.
Ordførar Leidulf Gloppestad fekk også testa skotfoten før kamp.