Enivest IFO
KM-sluttspelet: Kampoppsettet er klart
Forfatter: Svein Kristiansen
24. februar 2016
Fotball
Sandane er godt representert når sluttspelet i KM futsal vert arrangert 5.-6. mars. Kamoppsettet er no offentleggjort.
J15 har kome i pulje med Sogndal 2, Eid, Jotun 2 og Dale, medan dei to J13-laga er plasserte i kvar si pulje. G15 skal få bryne seg mot Jotun, Førde 2 og Sogndal 2, medan J16 møter Syril, Jotun 2, Førde 2 og Dale. Breimsbygda/Sandane stiller i J19, og der er Dale, Høyang og Stryn 1 motstandarar innleiingsvis.
Sandane sitt juniorlag får eit gjensyn med Førde 2 i Førdehuset. Det blir også kamp mot Årdal og Askvoll/Holmedal.
Sjå fullstendig kampoppsett HER.