Enivest IFO
Innkalling til årsmøte i fotballgruppa
Forfatter: Gro Pleym Iversen
14. februar 2022
Fotball
Det blir årsmøte i STIL fotball mandag 28. februar 2022
Årsmøte i STIL fotball, mandag 28. februar 2022 kl. 19.30-20.30 i Garderobebygget, Sandane Idrettspark
jf. også informasjon på Facebook sida vår 31. januar 2022
SAKLISTE:
- Godkjenning av stemmerett
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Val av møteleiar, referent og to medlemmar til å underskrive protokollen
- Årsmelding 2021
- Rekneskap 2021
- Fastsette treningsavgift for 2022
- Bruksrett til Gloppen kommune (kunstgrasbane, garderobebygg og parkeringsplass)
- Budsjett 2022
- Val
Styret har ikkje motteke saker innan fristen 14. februar. Saksdokumenta skal etter planen bli tilgjengelege på nettsida vår frå 21. februar.
Årsmøtet legg grunnlaget for klubben sin aktivitet og styret sitt arbeid. Alle medlemmar over 15 år som ønskjer å vere med å bestemme kva klubben skal gjere og korleis den skal drivast, bør delta på årsmøte.
Vel møtt!
Helsing
Gro Pleym Iversen, styreleiar