Sandane - Førde 0-3
Forfatter: Svein Kristiansen
27. februar 2016
Førde var best og vann fortent 3-0 over Sandane i NM Telenor Cup G16 laurdag. Gutelaget til Sandane skapte nokre gode sjansar, men det var ikkje tale om å overliste Førde si gode målvakt.
Sandane - Førde 0-3 (0-2)
NM Telenor Cup G16
Sandane Idrettspark
0-1 (7. min)
0-2 (24. min)
0-3 (69. min)
Dommar: Sureskumar Katahiravel, Eid.
Kampen opna jamspela, men etter kvart var det tydeleg at det var Førde som best evna å skape noko offensivt. Det var 0-1 på enkelt vis då eit innlegg frå kant til slutt havna hos den eine spelaren i kvitt og svart framfor mål. 0-2 kom vel mditvegs i omgangen då ein Førdespelar nikka ein corner nydeleg i mål.
Sandane hadde eit par stor sjansar i første omgang. Ved det eine høvet fekk Tommy Flølo skote frå bra posisjon, men Førde fekk etter kvart panikklarert på streken. Abraham Johnny fekk like før pause ein god sjanse då han kom åleine mot keeper, men Førdes målvakt kom fint ut og redda bygutane.
Sandane strevde litt med å få til sitt eige spel i denne første omgangen. Flott var det imidlertid då Filip Pleym Mardal sende ein fin stikkar igjennom retning Tommy Flølo. Ved det høvet var STIL framme med fleire mann på fine løp.
Andre omgang opna med godt Sandanespel og dei la press på Førde sitt forsvar. Det vart skapt sjansar som fort kunne gitt redusering og spenning i kampen. I staden vart det Førde som fekk ein gratissjanse og auka til 0-3 i det 69. minutt. Ut over i andre omgang såg ein klar skilnad på laga. Førde la periodevis sterkt press på Sandane, og hadde også feite sjansar til å auke leiinga. STILgutane gav aldri opp og hadde også nokre sjansar, men skapte generelt litt for lite framover på bana.
STIL bar preg av at dette var første kampen på full bane denne sesongen. Laget til Jan Ove Ødven er ungt, dei fleste er første års gutespelarar. Her er mange fine spelartypar, og vi ser for oss ein stigning i programmet fram mot seriestart.