Seriestart for Sandane 2
Forfatter: Svein Kristiansen
21. april 2022
Opnar med bortekamp mot Hornindal.
Tekst: Ingmar Sægrov
Bilete: Frå Hornindal si heimeside - Hornindal mot Sandane 2 i 2010 (3-1)
Fredag 22 april spelar Sandane 2 sin første seriekamp for sesongen. På kretstinget i november blei det vedtatt ei ny aldersinndeling som førte til at klubben bestemte seg for å ikkje melde på G17, men heller gi dei aktuelle spelarane eit tilbod i 6 divisjon. Det er fleire år sidan Sandane har meldt på eit Sandane 2 i seniorfotballen og vi er svært glade for å endeleg ha dette tilbodet i klubben. Laget består av unge og eldre spelarar og vil også ha innslag spelarar frå førstelaget som trenger kamptrening.
Sandane 2 har gjennomført treningar sidan starten av februar. Vi har vore plaga med sjukdom /skader og oppmøte har dermed vore varierande. Øktene har i stor grad bestått av pasningsøvingar og småbanespel, så det blir nok ein brå overgang til spel på stor 11ar bane, men vi er klare til legge ned solid innsats i Hornindal på fredags kvelden. Tysdag 26 april kl 19.00 er det klart for lokaloppgjer mot Hyen.