[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Vi gratulerer Ludvig, Magnus, Martin og Hallvard

Forfatter: Gro Pleym Iversen

16. desember 2023

Fotball
News article image

Jubileumsfest med prisdryss

Vi gratulerer og takker sjølvsagt heile A-laget og lagsapparatet for innsatsen i årets sesong!

Fotballfesten vart i år erstatta med jubileumsfest på Gloppen Hotell. Hovudtrenar Simon Andrè Gimmestad og keepertrenar Håvard Hetle stod for utdelinga.

ÅRETS TOPPSCORAR gjekk til Hallvard Bjotveit. Han har scora 15 mål på 17 kampar i årets sesong, og om Hallvard seier trenarane mellom anna dette: "Eit høgdepunkt var nok då han scora back to back hattrick, som sikra oss totalt 4 viktige poeng i relativt spennande sesongavslutning. Han har vore ein konstant trussel for samtlige lag i kretsligaen, der til omg med Fjøra måtte endre formasjon i returoppgjeret for å stoppe han."

UTVIKLINGSPRISEN gjekk til Ludvig Gimmestad. Om Ludvig seier trenarane: " Spelaren viste tidleg at det bur mykje fotball i kroppen, og har god teknikk, balanse og smidighet. Seniorfotball stiller krav til beinhard jobbing, og her har utviklinga til guten vore aller størst. Han sprang seg tom i fleire kampar, og vil med tida kunne legge ned innsats til siste fløytesignal.

SPELARANE SIN SPELAR gjekk til Magnus Bolseth. Her er noke av det som medspelarane seier om Magnus: "Han er positiv og kjem ofte med konstruktive tilbakemeldingar. Hans evne til å løfte lagånda med positiviteten sin, hans konsekvente bidrag på bana, enten det er gjennom imponerande prestasjonar, støtte til laget eller eineståande sportsånd. Hans dedikasjon til å støtte og inspirere andre, samt hans bemerkelsesverdige innsats og og profesjonalitet, gjer han virkelig til spelarens val som ein framifrå lagspelar. Han fortjener priser fordi han har vært med i alle desse år, stilt på trening og kamp sjølv om han har budd i Førde. God lagspelar og solid midtstoppar."

ÅRETS SPELAR gjekk til Martin Hukset. Om Martin seier trenarane: " Årets spelar har vore sjølve grunnmuren for A-laget i årets sesong, ein av våre beste spelarar gjennom heile året. Han har nesten vore på at av treningar, og einaste som har spelt samtlege kampar i årets Kretsliga. Han har i takt med sesongen tatt større og større ansvar, og har utvikla sitt eige spel langs bakken med ro når vi har blitt pressa bakpå, noke som naturleg smittar over på lagkameratane. I garderoben sprer han god stemning og er med på å halde moraen oppe. Ei positiv innstilling, gir alltid 100%, og når vi i fjor omskulerte han til stoppar, tok han utfordringa på strak arm. I det oppbyggande spelet har han blitt ei viktig brikke for å skape balanse. Han vil alltid vere delaktig i spelets gang, og gjer lite feil."

Custom image

Frå venstre: Ludvig, Magnus, Martin og Hallvard

Custom image