[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Invitasjon til Grasrot Delkurs 1

Forfatter: Administrasjonen

01. juli 2026

Fotball
News article image

Grasrottrenarkurs delkurs 1

Hei alle trenarar i STIL! 😊

I samarbeid med NFF Sogn og Fjordane inviterer vi dykk til Grasrottrenar delkurs 1 i klubbhuset vårt på Sandane Idrettspark.

For å gjere det så enkelt som mogleg for alle å delta, held vi kurset i eigen klubb. Dette er ei viktig moglegheit for å styrke trenarkompetansen i STIL Fotball, og vi håpar difor at alle trenarar prioriterer å bli med.

 

Grasrottrenar delkurs 1 passar spesielt godt for trenarar i barnefotballen, men er også nyttig for alle som ønskjer meir kunnskap, tryggleik og inspirasjon i trenarrolla.

 

Kvifor er det viktig å ta trenarkurs?

Som trenarar har vi eit ansvar for å gi barna og ungdommane våre trygge, lærerike og kjekke fotballopplevingar. Gjennom kurset får vi:

  • enkle og konkrete verktøy for å planleggje gode økter
  • større tryggleik i trenarrolla
  • betre forståing for korleis vi skaper aktivitet, meistring og fotballglede
  • felles rammer og språk som styrkjer samarbeidet i klubben

Kort sagt: Jo betre førebudde vi er som trenarar, jo betre blir tilbodet for barna.

 

Vi håpar difor at alle set av tid og deltek.

 

Stad: Klubbhuset, Sandane Idrettspark Nordåsen 1, 6823 Sandane

Delkurs Tittel Dato Tid
Grasrottrenar 1 Samling 1 24. august 2026 Start: 17-21
Grasrottrenar 1 Samling 2 26. august 2026 Start: 17-21

Begge kurskveldane må gjennomførast for å få delkurset godkjent.

Påmelding: https://tiim.no/kurs/22988457

 

Ved spørsmål, ta kontakt med Jonas Denk på e-post: 📧 [email protected]

Vi ser fram til å sjå dykk på kurs 😄

 

Custom image