[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

-De som dømmer er smarte

Forfatter: Svein Kristiansen

24. november 2021

Fotball
News article image

-Vi er svært glade for at Petja Cink har tatt steget opp og blitt kretsdommar. Det har mykje å seie for klubben, både vi og kretsen treng dommarar. Vi håpar å få fleire opp på kretsnivå.

Dommaransvarleg Steinar Holvik og klubbleiar Gro Pleym Iversen var heilt samstemte då klubbdommarane i STIL hadde si årlege oppsummering onsdag kveld.

De som tar på dykk dommaroppdrag er smarte, sa Gro Pleym Iversen. De lærer å vere sjef for 22 spelarar der ute på bana, og i tillegg er der trenarar, lagleiarar og publikum på sidelina som skal handterast. Det krevst evne til å vere ryddig og å kunne leie. Dette er viktige eigenskapar å ta med seg i livet. Å kunne vise til at ein har hatt dommarverv tar seg godt ut på CV-en, sa fotballeiaren.

Ved sidan av Petja Cink har Steinar Holvik og Andreas Skeistrand Bakkelid hatt dommaroppdrag for kretsen i 2021.

Dommaransvarleg Steinar Holvik opplyste at det har blitt spela 87 kampar i aldersbestemte klassar på Sandane i 2021. I ein normal, coronafri sesong vil kamptalet vere 120. Veteranar blant dommarane våre har denne sesongen vore Knut Stavang (85!), Kjell Alme, Jan Kåre Fure og Steinar Holvik. Nye klubbdommarar er Sebastianas Uribes, John Henning Gotteberg, Andreas Skeistrand Bakkelid, Mathias Rauset og Tobias Eimhjellen. Dei unge dommarane gir unisont uttrykk for at dommargjerninga har gitt meirsmak. -Det har vore lærerikt, spennande å få prøve noko nytt, og ein fin måte å lære seg å vere sjølvstendig.

I tillegg til ovannemnde har STIL også spennande dommartalent i Oliver Skinlo Evebø og Jasmijn Koopmans.

Custom image

Ein spesiell honnør under dommarsamlinga gjekk til Knut Stavang, som 70 år etter at han begynte som fotballspelar og 50 år etter at han kom til Sandane framleis stiller opp for klubben i hans hjarte - STIL.