[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Damelaget med sterk borteseier

Forfatter: Svein Kristiansen

06. april 2017

Fotball
News article image

2017 byr på eit interessant og spennande innslag: STIL/Breimsbygda sitt damelag skal innta Idrettsparken med heimekampar annankvar helg. Vi gleder oss! I kveld vart presesongens andre kamp mot TMFK spela i Måløy. Kampen enda med ein sterk seier for damene våre.

TMFK - Sandane 1-4 (1-3)

Måløy stadion

0-1

1-1 Martine Jakobsen

1-2 June Kleppenes Sårheim

1-2 Sandra Kleppenes Sårheim

1-4 Martine Jakobsen

STIL sitt damelag spelte ein god kamp og vann fortent 4-1 over TMFK. Kampen vart spela i Måløy. 

Sandane opna litt forsiktig og vart straffa med eit tidleg mål i mot. Men etter kvart tok STIL-damene over spelet og styrte i grunnen resten av oppgjeret. STIL-trenar Jan Asle Rustøen fremhevar fleire ting hos mannskapet sitt: - Godt press og gode overgangar med høg presisjon og ekstrem fart er viktige ingrediensar i dette laget, seier Rustøen. 

Sandane/Breimsbygda sesongopnar mot Stryn på heimebana i Idrettsparken på Sandane fredag 21. april.