[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Petja er klar!

Forfatter: Svein Kristiansen

23. januar 2022

Fotball
News article image

Målfarleg midtbanespelar klar for ny periode i klubben.

Tekst og foto: Ingmar Sægrov

Petja Cink er ikkje noko nytt ansikt i klubben. I 2015 flytta han og familien frå Slovenia til Sandane. Petja kom inn som eit friskt pust i A-laget og leverte gode prestasjonar i perioden 2016-2018. Før sesongstart 2019 meldte han overgang til Eid Fotball, sjølv om han har dømt kampar for Sandane.

Petja er ein målfarleg midtbanespelar. I 2017-sesongen hadde han heile 9 mål på 16 kampar. Han er ein lagspelar som ofte er nest sist på ballen og jobbar godt defensivt.

Petja ønakjer, som tidlegare meldt her på heimesida, å fortsette satsinga som dommar. Vi er veldig fornøgde med at han i åra framover både skal dømme og spele for klubben.

Vi er svært glade for å ha han tilbake i klubben og med hans tilstedeværelse og krav til medspelarar vil han løfte nivået i treningskvardagen.

Etter sesongslutt blei det på seniorlaga gjennomført ei individuell evaluering av sesongen. Her kom det tydeleg fram at det var eit ønskje om å ha med fleire rutinerte spelarar og ein treningskvardag med fleire spelarar på feltet. Med signeringane av Simon, Mads, Petja og kanskje fleire, er det klart at klubben har lytta til spelargruppa.

Velkommen, Petja!