Torbjørn er blitt UEFA B-trenar!
Forfatter: Svein Kristiansen
10. mai 2016
Torbjørn Gran har fått status som UEFA B-trenar. Torbjørn er kjent som STIL Fotball sin trenarkoordinator, og har i tillegg til dette ei rekke trenaroppgåver i klubben. Han blir den andre STIL-trenaren med UEFA B-lisens.
Inntil no har Jan Ove Ødven vore STILs einaste trenar med UEFA B-utdanning.
For å bli B-trenar må du igjennom eit omfattande kursopplegg som vert avslutta med ein skriftleg heime-eksamen, som tel 1/3 av den samla karakteren. Vi skal ikkje avsløre Torbjørns sluttkarakter her, men kan slå fast at vegen vidare til status som UEFA A-trenar på ingen måte er stengt.
Torbjørn Gran fortel at B-trenarutdanninga består av 170 timar fordelt på 10 kursdagar. –Vi hadde ei veke samanhengande kurs med undervisningsopplegg frå kl 0830 til 2130. Når kvelden var der var det tid for å planlegge treningsøktene ein skulle gjennomføre neste dag, så ein kan trygt seie det gjekk døgnet rundt.
Hovudvekt var lagt på det praktiske arbeidet på treningsfeltet. Kurshaldarane foreleste og der var også gode, eksterne forelesarar. Med på kurset var trenarar frå td barnefotballen i lokale klubbar i Sogn og Fjordane, men også trenarar frå store norske klubbar som Rosenborg, Haugesund og Ålesund, fortel vår nye UEFA B-trenar.
Etter ei siste helgesamling har kandidatane gjennomført ei skriftleg oppgåve. Torbjørn fortel at eksamensoppgåvene spente vidt: korleis vil du utvikle ein høgreback i eit lag? Eller ei moderne målvakt? Og kva er taktikken hvis laget ditt spelar 4-4-2 og de møter eit lag som ligg i 4-2-3-1-formasjon? For å nevne noko.
Kva har du lært av dette, Torbjørn?
-Mykje. Først og fremst har eg fått ei heilt anna bevisstgjering av kva ein skal gjere og kvifor ein gjer det ein gjer, i alle typar situasjonar på fotballbana. Utdanninga har gitt ein fagleg plattform som gjer at eg føler det er langt lettare å vere konkret under instruksjon og veiledning. Utdanninga er sjølvsagt også svært nyttig i rolla mi som TK (trenarkoordinator) i STIL Fotball.
Er UEFA B-trenerutdanninga for dei få utvalde?
– Nei, den vil vere relevant for alle trenarar, anten ein trenar 12-åringar eller eit A-lag. Det gjeld i fotballen som på alle andre områder i samfunnet: di meir fagleg kompetanse, di betre. Fleire UEFA B-trenarar i STIL Fotball vil vere gull for utviklinga i klubben, seier Torbjørn, og viser til at Sandanefotballen aldri har hatt større kull med unge fotballspelarar.
Sandane har pr no 9 NFF C-trenarar. Det inneber at dei har gjennomført samtlege 4 delkurs på NFF C-utdanninga, som også er kravet for å kome i betraktning som UEFA B-trenar. I tillegg har klubben ei rekke trenarar med eitt eller fleire C-delkurs.