Nokre ledige plassar igjen!
Forfatter: Maria Karin Dalsbø
30. mai 2025

Prøvedagen er open for alle elevar i 3.-5. klasse (haust 2025), og krev ingen påmelding til sjølve IFO-tilbodet på førehand. Det einaste du treng å gjere er å møte opp og la barnet få ein smakebit på korleis ein dag på IFO vil vere.
Er du litt usikker på kva Enivest IFO eigentleg er – og om det kan passe for ditt barn? Då har vi gode nyheiter: Vi har framleis nokre ledige plassar til hausten, og inviterer no til ein gratis prøvedag onsdag 11. juni kl. 14.00-16.30. Her får barn og føresette oppleve korleis ein dag på IFO kan sjå ut i praksis.
Prøvedagen er open for alle elevar i 3.–5. klasse (haust 2025), og krev ingen påmelding til sjølve IFO-tilbodet på førehand. Det einaste du treng å gjere er å møte opp – og la barnet få ein smakebit på korleis ein dag på IFO vil vere.
Kva er Enivest IFO?
Enivest IFO er STIL sitt eige idrettsfritidstilbod – eit allsidig og aktivt opplegg etter skuletid for barn i 3. til 5. klasse. Her møter barna eit mangfald av aktivitetar som fotball, handball, turn, orientering, friluftsliv, leik, skøyter og mykje meir – leia av trygge og engasjerte instruktørar og idrettselevar frå Firda Vidaregåande skule.
Vi legg vekt på:
- Idrettsglede og meistring
- Variert fysisk aktivitet
- Fellesskap og tryggleik
IFO er ikkje knytt til ein bestemt idrett – det viktigaste er å skape bevegelsesglede og utforsking i eit trygt og sosialt miljø.
Kven passar det for?
Alle barn i 3.–5. klasse – både dei som elskar å røre seg, og dei som kanskje treng litt ekstra motivasjon. Her får barna prøve nye aktivitetar utan press, og bli ein del av eit positivt fellesskap der trivsel står i sentrum.
Spørsmål? Ta kontakt med leiar for Enivest IFO, Jonas Denk, [email protected]