[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Thrilleravslutning då Sandane sikra tabellteten

Forfatter: Svein Kristiansen

24. juni 2022

Fotball
News article image

Førde leia 2-0 og hadde taket på det heile, men så eksploderte heimelaget i ei fabelaktig avslutning.

Sandane – Førde 2-2 (0-2)

Mål Sandane: Martine Kvamme og Sara Rustøen Lothe

Mål Førde: Inga Hoff

Foto: Stig Høynes, Haugen Fotball

Første omgang var Førde sin. Sandane strevde med eit Førdelag som møtte dei høgt og som framprovoserte feil når ballen skulle framover. Sandane sin Sara Lothe Rustøen vart sendt på mange løp langs venstrekanten, men oppdaga at ho var sørgeleg aleine når ho orienterte seg etter medspelarar.

Førde sin toppskårar Inga Hoff sto for begge Førde sine mål, det eine frå straffemerket.

Sandane var betre med i andre omgang, men det store spelet uteblei. Det vart svært mykje unøyaktigheit og raske balltap som gav lite flyt i heimelaget sitt spel. Heller ikkje Førde klarte å få til det heilt store spelet, og deira største sjanse var lenge eit soloraid mot Jasmijn Koopmans i Sandanes mål. Avslutninga gjekk like til sides for mål. Dette angrepet var for øvrig ein sjeldan stor offsideglipp frå assistentdommar.

Med ti minutt igjen å spele eksploderte brått både Sandane og Idrettsparken. Først reduserte Martine Kvamme med eit bestemt skot i hjørnet. Like etter kom dagens angrep: Kristine Lothe Rustøen gjorde alt grovarbeidet, der ho med fysikk, teknikk og kraft spelte seg fri på høgrekanten, det perfekte innlegget kom utan betenkningstid, og frå sin venstrekant suste Sara Lothe Rustøen forbi alt og alle og kriga ballen i mål.

Sandane held stand i nokre hektiske sluttminutt, og sikra dermed plasseringa på tabelltoppen.

Jan Asle Rustøen: -Vi er veldig nøgde. Vi var litt lite spelarar, og hadde Berit Leirgul ute i dag. Eg hadde på førehand ikkje forventa at vi skulle ta poeng mot eit godt Førdelag.