[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Omsider: damefotballen kjem!

Forfatter: Svein Kristiansen

16. desember 2023

Fotball
News article image

Det måtte 600 underskrifter til før fotballstyret gav klarsignal for damefotball i STIL.

Bildet: Damelaget i fotball 1985. Framme f.v. Tone Helgheim, Heidi Indrebø, Olin Almenning, Kjersti Nyhagen, Merete Wik Silden og Linda Gangeskar. Bak f.v. Ivy Sunde, Cathrine Briksdal, Inger Lise Skeistrand, Hilderun Søholt, Signe Auflem, Vivi Ann Teige, Reidun Håheim og Eva Solhaug. Foto: Firda Tidend.

Tanken om å etablere jente- og damefotball var ikkje ny, men i STIL var det bekymring for at dei allereie vanskelege bane- og treningstilhøva på Sandane skulle bli endå verre. Då styret behandla saka i 1982 var det uttrykt uro for at innføring av jentefotball skulle gå ut over nivået i gutefotballen.

Men i 1983 starta ei gruppe jenter opp treningar med Ingebrigt Øvreseth som trenar. Dei fekk spela ein treningskamp mot Eid – og vann uventa 4-0. Måla vart skåra av Katrine Fjellestad, Kjersti Nyhagen og Else Marie Vollstad.

I 1984 ønskte jentene å stille lag i serien, men fekk ikkje støtte i fotballgruppa. Det førte til at 3-4 jenter (m.a. Inger Lise Skeistrand, Line Seim og Hilderun Søholt) starta ein underskriftsaksjon for å få meldt laget på i serien.

Om lag 600 underskrifter vart samla inn, skriv Hilderun Søholt i «Jul med STIL» (1989).

Og dermed kunne trenar Ingebrigt Øvreseth skrive følgande i fotballgruppa si årsmelding:

-Sesongen 1994 vil for ettertid verte eit merkår for jentefotballen i STIL. For første gong var laget vårt representerte i jenteserien i fylket.

Han konstaterer at dei kom bra frå debuten. Laget kom på tredje plass i avdelinga for Nordfjord. Øvreseth meinte laget teknisk sett var heilt på høgde med dei beste laga, men litt for ujamt til å kunne nå heilt til topps. Han var likevel noko uroleg for framtida: -tilgongen på nye spelarar hadde stoppa heilt opp.

Men det skulle vise seg at det var liten grunn til uro. STIL fekk damelag i 1985, og oppslutnaden om treningane var god, med i gjennomsnitt 15-20 frammøtte på treningane.