[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Klart for KM futsal!

Forfatter: Svein Kristiansen

28. februar 2023

Fotball
News article image

Åtte lag frå STIL er klare for sluttspel, og STILs mange dugnadsarbeidarar krummar ryggen og er klar for årets kjempearrangement i Trivselshallen.

KM futsal i aldersbestemte klassar vert arrangert på Sandane laurdag 4. og søndag 5. mars. STIL er teknisk arrangør og har med åra fått stor rutine i å legge til rette for det som er eitt av dei største idrettsarrangementa i distriktet vårt.

Kvalifiseringa til sluttspelet KM futsal skjedde for ein månad sidan. Det er i alt 105 lag som no set kvarandre stemne på Sandane. Arrangørklubben STIL er godt representert med 8 lag som er kvalifiserte.

Sandane sine 13-årsjenter skal først i elden på laurdagen, og sidan går det slag i slag til relativt sein kveld med kampar. Kampane startar kl. 10.30 på laurdag og kl. 11.30 på søndag. Laurdag er det både jente- og gutelag i aksjon i 13- og 15-årsklassa, samt G19, medan søndagen er sett av til 14- og 16-årsklassene, samt dei eldste jentene (J19).

Trivselshallen har vist seg å vere ein god arena for dette arrangementet, og STIL har eit stort apparat i sving for å sørge for at gjestande lag og publikum får gode opplevingar under Sandanebesøket.

Sjå også Firda Tidend.