Velkomen som dagleg leiar i STIL!
Forfatter: Gro Pleym Iversen
25. oktober 2024
- Eg gler meg kjempemykje, seier Maria Karin Dalsbø etter å ha takka ja til stillinga som dagleg leiar i Sandane Turn og Idrettslag.
- Det blir spennande å bli betre kjend med STIL. Det er dette eg brenn for; utvikling av menneske og relasjonar, og det å kunne gjere ein forskjell der eg er – både for enkeltmenneske og lokalsamfunnet.
Brei erfaring
31-åringen frå Stårheim kjem frå stillinga som rådgjevar for Trygg og etisk idrett ved Norges Gymnastikk- og Turnforbund, der ho rådgjev kring handtering og utvikling av prosessar for varslingssaker, leiar kompetansehevande tiltak og ellers fagleg utviklingsarbeid innafor trygg og etisk idrett. Ho har mellom anna utforma og vore prosjektleiar for Trygg på trening-kurset, og er truleg ein av dei fremste fagpersonane i landet når det kjem til kompetanse om overgrep i idretten.
I tillegg har ho, på toppen av relevant utdanning, sikra seg arbeidserfaring frå Hordaland og Vestland idrettskrets og ei brei erfaring frå styrearbeid, prosessleiing og nettverksbygging.
- STIL er utruleg heldige – å få dette nivået av kompetanse, erfaring og energi med på laget vert ei enorm styrke. Det vil gi oss moglegheit til å lære og bli betre på det vi driv med, seier styreleiar Anders Gimmestad Gule.
-Fotballen er hovuddrivaren i denne satsinga og har sett idrettslaget i posisjon til å tilsetje. Difor vert stillinga fordelt mellom fotballen og hovudlaget, held han fram.
Omfattande tilsettingsprosess
- Dette er det viktigaste prosjektet og investeringa STIL har akkurat no – då er det essensielt at vi gjer eit grundig arbeid som er forankra i organisasjonen. Så lyt vi no sjå til og gjere det vi kan for at dette vert ei positiv forteljing for Maria, idrettslaget og bygda, seier han.
Truleg er det eit stykke mellom kvar gang slike utlysingar kjem i Nordfjord, då er det naturleg at det vekkjer litt merksemd.
- Det har vore mykje interesse og nysgjerrigheit. Vi var sjølvsagt spente på om vi ville treffe med utlysinga. Er den interessant nok? Kva type søkjarar vil vi få? Men det har gått så bra som det kunne, vi har vore svært heldige og hatt fleire godt kvalifiserte søkjarar.
Firda-effekten?
- Eg hadde nokre flotte år Firda vgs – det vert kjekt å kome tilbake til idrettsmiljøet i Gloppen, seier ho.
Dalsbø tek til i stillinga 1. februar 2025. Vi skal ta godt imot ho.