[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane møter Tambarskjelvar

Forfatter: Svein Kristiansen

22. mai 2015

Fotball
News article image

Fredag kl 1900 møtest STIL og Tambarskjelvar til kamp i 4. divisjon.

Tambarskjelvar kom som ein vind i fjorårets 4. divisjon og låg framfor Sandane på tabellen då dei to laga møttest like før halvspela serie i 2014. Sandane vann bortekampen i Naustdal 5-2 og etter dette hadde Tambarskjelvar ein svak sesongutvikling. Tapet av toppscorar Savland (no Førde) og ei rekke andre spelarar då hausten tok til bidrog nok til det.

Custom image

I år har Sandane fått ein god sesongstart, medan Tambarskjelvar har slitt meir. Det er ingenting å lure på: Tambar satsar alt for poeng når STIL kjem på besøk.

Dei to laga møttest til treningskamp før seriestart 2015, og det var då klasseskilnad på laga. Tambar mangla imidlertid då fleire sentrale spelarar.

-Vi satsar sjølvsagt på å ta med oss alle poenga i Naustdal, og kjem til å legge opp kampen deretter, seier STIL-trenar Øyvind Hervik i ein kommentar. Sjølv om Sandane må unnvere eit ganske stort tal spelarar (skader), meiner STIL-trenaren at mannskapet  han rår over er godt nok, dersom innsats og vilje til å spele sitt eige spel er på plass. Hervik kan glede seg over at Håkon Schjølberg er tilbake etter skulegang og lengre tids skade.

Kampen vert spela fredag kveld kl. 1900 og vi reknar med å få til liveoppdatering frå kampen.