[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Velkomen til herretrim!

Forfatter: Svein Kristiansen

22. oktober 2015

Trimgruppe
News article image

Gubbetrimmen til STIL treng nye trimmarar!

Herretrimmen eller "gubbetrimmen", som den og vert kalla, er i gong igjen. Nokre av dei faste gubbane som har vore med i mange år har av ulike årsaker slutta. For å kunne halde fram som før, må herretrimmen ha påfyll av trimmarar. Hovudsakleg består trimmen av ballspel, også kalla basket. For lagspelet sin del må det minst vere 6 personar som deltek. Fjorårsesongen var haltande med varierande frammøte, så rekruttering av nye trimmarar er  avgerande for framtida til trimmen i den form den har i dag. Det er godt miljø i gruppa, og ingen krav til spesielle ferdigheiter. Ballspel er morosamt, sosialt og ein framifrå måte å trimme på.

Nye trimmarar er velkomne til å møte opp i Firdahallen vestsal måndag og torsdag, begge dagar kl 20 - 21.