Barntrimmen startar komande veke
Forfatter: Torill Fjellestad
10. oktober 2015
Informasjon til føresettte
No startar vi endeleg opp att med barnetrim! Måndag kl. 17 er fyrste trimdag for gutar og jenter fødde i 2011 og 2012 i gymsalen på Sandane barneskule. Tysdag kl. 17 har dei som er fødde i 2009 og 2010 fyrste økt i gamle Firdahallen.
Instruktørane stiller opp på dugnad og som oftast er det mange barn med på treningane. Det er såleis viktig at dei som føl borna på trening, er aktivt tilstades. Borna bør bli følgde av ein vaksen. Vi oppmodar alle vaksne til å hjelpe til med å få på plass apparat og stasjonar, hjelpe til på stasjonane og hjelpe til å rydde til slutt. Dette er med å skape ei sosial og god ramme for treningane og eit godt samspel mellom born og vaksne. Vi ser helst at sysken ikkje deltek på treningane, då dette fort blir forstyrrande. Til slutt minner vi om å halde fokus på trygg trafikk i samband med treningane. Merk dykk særskilt skiltinga inn til bana på barneskulen.
Sjå vedlagde dokument med meir informasjon til føresette og årsplan for aktivitetane til barneidretten.
Vel møtt på trening!