Ein minnerik jentefotballdag i Sogndal
Forfatter: Adminstrasjonen
28. oktober 2026
Fotballglede, nyttig lærdom og inspirasjon stod på programmet då jenter frå Sandane Fotball deltok på jentefotballdagen i Sogndal 25. oktober.
Blant spelarane som representerte Sandane Fotball, var Mariell Jakobsen Hjelle, Vivian Wleannor Nyemah og Sanwayt Brhane Andemicael frå 13- og 14-årskulla.
Dagen starta med rettleiing frå fysioterapeut, med særleg vekt på skadeførebygging. Jentene fekk òg lære om søvn, ernæring og restitusjon, og om korleis dei kan finne ein god balanse mellom fotball, skule og kvardag.
Deretter delte Mimmi Matilda Löfvenius Veum erfaringar frå si eiga fotballreise. Ho fortalde om draumar, oppturar og nedturar, og om kva som skal til for å utvikle seg som fotballspelar.
Etter lunsj fekk jentene sjå damelagskampen mellom Sogndal og Fana. Etter kampen vart det høve til å ta bilete saman med mellom andre Sogndal-kaptein Julie Slattum Pettersen. Dagen vart avrunda med herrelagskampen mellom Sogndal og Kongsvinger.
Stemninga på heimreisa tyda på at jentene hadde hatt ein minnerik dag, med både inspirasjon og gode opplevingar i bagasjen.
Takk for eit flott arrangement! Dette er ein dag vi varmt kan tilrå til alle som er engasjerte i jentefotballen. Vi kjem gjerne att ved neste høve.