[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Jamt mellom Sandane og Stryn 2

Forfatter: Svein Kristiansen

03. august 2015

Fotball
News article image

Fortsatt litt ferieprega, men Sandane og Stryn 2 spelte ein jamn kamp der publikum var vitne til fleire flotte mål.

Sandane - Stryn 2  3-2 (1-0)

Sandane tok ei tidleg leiing i kampen ved Eirik Rauset. Stryn 2 brende eit straffespark eter 20 minutts spel. 

Det var først då Mads Wie entra bana at det skulle bli mål for Stryn 2, som hadde med seg 3-4 spelarar som sist helg spelte kamp for Stryns A-lag. 

Mads var frampå tidleg i andre omgang og det sto 1-1. Sandane slo imidlertid tilbake, og det var Thomas Dyrrdal som på kort tid gav Sandane 2-1 og 3-1. Det første  målet kom etter assist frå Tarjei Bjørkum Vereide, medan 3-1 kom etter eit raid av Jonas Denk langs venstresida. 

Men Stryn 2 reduserte til 3-2 ved evigunge Tjellaug midtvegs i andre omgang. Trass i intense forsøk frå Stryn 2, vart det ikkje fleire mål. Det vart det heller ikkje for Sandane, som også hadde sin del av sjansane mot slutten av kampen.