Sandane med avansement i NM i efotball
Forfatter: Svein Kristiansen
30. november 2021
For første gang har Sandane lag som deltek i NM i efotball. Dei innleiande rundene er godt i gang og Sandane eFotball 1 har sikra seg avansement vidare i NM. Sandane eFotball 2 skal ut i avgjerande spel mot Øygarden komande måndag.
Av: Ingmar Sægrov
Sandane ønskjer å gi eit breiare fotballtilbod i
framtida og 3 november arrangerte klubben for første gang eit klubbmeisterskap
i esport, der finalelaga skulle gå vidare til KM. Sidan det var varierande
påmelding i kretsane rundt om i landet, blei turneringsoppsettet endra slik at
laga gjekk direkte inn i eit regionsmeisterskap.
Tre lag frå Sogn og Fjordane deltek i NM i efotball som blei sparka i gong 22 november. Sandane stiller med to lag, medan Eid stiller med eit lag.
Laga som er påmeldt er delt inn i regionane Vest, Nord, Midt, Sør og Øst. Laga frå Sunnmøre, Sogn og Fjordane og Hordaland spelar i region Vest.
Hallvard Bjotveit og Oliver Skinlo spelar for Sandane efotball1 , medan Sander Skogli og Tobias Fuglestrand spelar for Sandane eFotball 2.
I nokre grupper er det kun 3 lag med, noko som fører til walkover der det blir registrert tre kampar med resultatet 1-0.
Den siste innleiande runda går av stabelen måndag 6. desember. Dei to beste laga i kvar gruppe går vidare til sluttspelet laurdag 8. januar. Vi gratulerer Sandane eFotball1 og Eid med avansement, og så heiar vi på Sandane eFotball 2 i i den siste runda der dei skal spele 3 kampar mot Øygarden FK.
| Tabell Gruppe B | Spelte kampar | Poeng |
| IL Solid Esport | 6 | 15 |
| Øygarden | 6 | 9 |
| Sandane eFotball 2 | 6 | 7 |
| Søreide IL 2 | 6 | 4 |
| Tabell Gruppe D | Spelte kampar | Poeng |
| Sandane eFotball 1 | 9 | 22 |
| Larsnes IL Esport 2 | 6 | 12 |
| Odda FK | 6 | 10 |
| - | - | - |
| Tabell Gruppe E | Spelte kampar | Poeng |
| Erdal Idrettslag | 6 | 18 |
| Eid esport | 6 | 16 |
| Larsnes IL Esport | 9 | 10 |
| - | - | - |