[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Herrane med seier i serieopninga

Forfatter: Svein Kristiansen

01. mai 2022

Fotball
News article image

150 publikummarar og ei fin ramme rundt kampen då Sandane starta sesongen med 2-0 over nyopprykka Hafslo.

-Det var godt å sikre tre poeng i ein kamp som fort viste seg å bli litt vanskeleg, seier STIL-trenarane Simon Gimmestad og Bjarte Skaaden etter at seieren var eit faktum. -Det var liten tvil om kvalitetsforskjellen, men bortelaget gjorde det vanskeleg for oss. I tillegg var feilprosenten uvanleg høg. Seriestart og litt høge skuldrar må ta skulda for det.

Etter at Petja Cink hadde gitt Sandane 1-0 tidleg i første omgang, gjorde det godt då Andreas Bjørhovde Heggedal auka leiinga i det 69. minutt. -Målet til Andreas gjorde at vi slapp unna ein nervepirrande avslutning på kampen. Innsatsen var god - som i treningskampane.

Og tre poeng er det som betyr noko! avsluttar Gimmestad og Skaaden.