[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Espen og Martin fekk sin elddåp

Forfatter: Svein Kristiansen

03. oktober 2015

Fotball
News article image

Gutespelarane Espen Reed Lothe og Martin Kolseth Skaar vart hivne inn i ein knallhard, fysisk batalje på Dingemoen. Den utfordringa tok dei på strak arm.

Dale - Sandane 2-2 (1-2)

4. divisjon

0-1 Thomas Dyrrdal

1-1 Frank Vik

1-2 Ole Andre Aa

2-2 Frank Vik

Dingemoen kunstgras

-Det vart ein knallhard fysisk kamp med mange harde taklingar, for mange etter mi meining, seier oppmann Trond Salveson etter 2-2-kampen mot Dale. Han gje stor honnør til debutantane Espen og Martin. Espen vart hiven innpå midtvegs i første omgang, då Vegard Krøvel Flatjord måtte ut med skade, medan Martin kom inn som erstattar for Ingebjørn Mundal ut i andre omgang. -Begge tok nivået på strak arm og kom godt i frå det, seier Salveson. 

Sandane hadde store sjansar både før og etter 1-0 målet til Thomas Dyrrdal, og leiinga til pause kunne fort vore atskilleg større. STIL hadde full kontroll i kampen. Mot slutten av første omgang kom Dale betre med, og frå starten av andre kom dei gule og blå ut i 100. Sandane vart spela låge og det vart eit heilt anna kampbilete. Likevel hadde Sandane store sjansar til å avgjere det heile til sin fordel. Dale fekk to litt heldige mål. 

Thomas Dyrrdal og Ole Andre Aa sto for Sandane sine to mål.

Trenar Øyvind Hervik konstaterer at Sandane dominerte føsteomgangen totalt, og det var mykje fint spel av STIL. -Vi kjem til store sjansar, men er uheldige og får ikkje utteljinga vi ønsker. 

For Dale var dette ein viktig kamp for å overleve i divisjonen, og vi visste dei ville satse alt etter ein dårleg første omgang. Dei slo langt og fylte på med folk, og det vart ein fysisk altfor tøff kamp der det var vanskeleg å få til spel. Vi burde likevel punktert kampen med eit tredje mål, og i hadde også ei gedigen sjanse på overtid av kampen. 

STIL-trenaren seier seg imponert over debutantane Espen og Martin. - Om eg elles skal framheve nokon spesielt må det bli Tarjei Bjørkum Vereide, Ole Andre Aa og William Landøy. Sistnemnde har hatt ei flott utvikling på backen i haust. 

Martin Svarstad pådrog seg sitt tredje gule kort for sesongen, og må derfor stå over komande helgs oppgjer mot Tornado Måløy. Det er ein kamp alle på Sandane kan glede seg til.