Sandane - Jølster 8-2
Forfatter: Svein Kristiansen
02. august 2016
Det var divisjonsskilnad då Sandane møtte Jølster til treningskamp tysdag kveld. Petja Cink vart tremålsskårar for blåtrøyene.
Sandane - Jølster 8-2 (5-0)
Treningskamp, Sandane Idrettspark
1-0 (7. min) Anders Frøyen
2-0 (22. min) Jonas Denk
3-0 (25. min) Petja Cink
4-0 (33. min) William Landøy (assist: Anders Frøyen)
5-0 (41. min) Ingmar Sægrov (assist: Jonas Denk)
5-1 (46. min)
6-1 (54. min) Petja Cink
7-1 (57. min) Anders Frøyen (assist: William Landøy)
7-2 (69. min)
8-2 (87. min) Petja Cink (assist: Anders Frøyen)
Sandane gjorde noko dei har gjort alt for lite av i 2016: skåra mål. Det vart ein kamp der mykje var på stell og Sandane tok den nødvendige kommandoen mot 5. divisjonslaget frå Jølster. Etter ein litt nølande start var Sandane på sporet etter kort tid: etter at Anders Frøyen sette inn 1-0 såg STIL seg ikkje tilbake og gav seg ikkje før det sto 5-0 til pause.
-Førsteomgangen gav oss mange gode svar i forhold til roller som spelarane var i. Det var ein svært godt gjennomført førsteomgang, konstaterer trenar Øyvind Hervik etter kampslutt.
Andreomgangen var meir rufsete, eller kanskjer det er rettare å seie at Jølster skapte meir og kom til betre sjansar. I tillegg til dei to reduseringane hadde laget også fleire hundreprosentsjansar.
Mot slutten var det likevel Sandane som auka leiinga og fastsette sluttresultatet til 8-2.
Dagens prestasjon sto Jonas Denk for då han ordna 2-0 på eit nydeleg frispark frå 20 meter.
Vel blåst, karar!