Enivest IFO
Surt tap, men honnør til laget
Forfatter: Svein Kristiansen
20. juni 2015
Fotball
Dette var ein god kamp av Sandane. Spelet bølga fram og tilbake og vi hadde vår gode andel av spel og sjansar, seier STIL-trenar Øyvind Hervik etter 2-3 mot TMFK.
Hervik fortel at Endre Kupen var den store spelaren på bana, og mannen bak alle tre måla hos TMFK.
STIL-trenaren gir honnør til spelarane sine. - Vi leverte ein god kamp. Vi avslutta med 4 gutespelarar utan at laget var svekka av den grunn, seier Hervik, som likevel ikkje legg skjul på at det vart eit surt tap to minutt på overtid av kampen.