[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Petja og Andreas på dommarsamling

Forfatter: Gro Pleym Iversen

20. mars 2024

Fotball
News article image

Det handler om respekt for kvarandre sine roller

Omlag 45 dommarar var samla på dommarsamlinga på Skei laurdag 16. mars 2024.

Vi starta med fysisk test i Skeihallen. Både hurtighet- og intervall (utholdenhet) test vart gjennomført. Andreas og Petja gjennomførte denne utan problem. Begge tok testen som ein treng for å dømme i Norsk-Tipping ligaen, AD i postnord-ligaen.

Etter dette vart det lunch på Thon Hotel Skei. Vidare program utover dagen; Retningslinjer, info om FIKS (Fotballen sitt informasjon- og kommunikasjonssystem), gjennomgang av korleis ein melder forfall, varslingskanalen og forberedelsar til kamp.

Vi fekk også ein god gjennomgang av pilotprosjektet som NFF Sogn og Fjordane skal ha i år om 10 min soning. Denne ordninga gjeld kun i kampar der begge lag er frå Sogn og Fjordane, og for 4.div herrer, 3 div damer og ned til J/G 13 år. Raskt forklart er det slik at gule kort som kjem pga dommerprotester fører til 10 min soning. (i klaser med speletid 80 min, eller mindre; 5 min) Gjennomgangen hadde Inge Seglem og Trond Ivar Døvle som er fagansvarlig dommarutvikling i NFF. Trulig blir ikkje dette noko stor utfordring for spelarar eller dommarar. Det handlar om respekt for kvarandre sine roller, høglytte protestar fører sjeldan fram.

Det var ei god samling med mange gode diskusjonar. Også kjekt at mange unge deltok. Flott gjeng !

Sandane Fotball sine representantar på samlinga var; Andreas Skeistrand Bakkelid, Petja Cink og Steinar Holvik.