[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Godt rekrutteringsarbeid

Forfatter: Svein Kristiansen

09. desember 2023

Fotball
News article image

Knut Stavang og Sigtor Tveit var sentrale då STIL herja i lokalfotballen.

Bildet: Knut Stavang

Tekst: Jan Nik. Hansen

Det var fleire årsaker til at STIL kom så sterkt i 1979. Det skjedde etter fleire år med godt rekrutteringsarbeid, gode trenarar med Knut Stavang som ein sentral person utover på 1970-talet, først som spelar og deretter som trenar og leiar. Seinare vart Sigtor Tveit trenar. Han innførte meir systematikk i treningar ogkampar. Sigtor er frå Kristiansand der han henta impulsar frå Start som han tok med til Sandane.

Ikkje minst var det orden og system i leiinga av fotballgruppa. Opprykket skuldast også at fleire spelarar ikkje reiste vekk, men vart buande på Sandane, medan andre kom tilbake etter endt utdanning. Slik vart det meir rutine og kontinuitet i laget.

I anna årsak var også at Firdahallen vart bygd i 1965. Ingen andre hadde ein slik treningsarena den gongen. Her føregjekk vintertreningane. Kvar trening vart avslutta med five-a-side spel. Det var med å skape det tekniske grunnlaget til spelarane som seinare vart sentrale på A-laget.

Bildet: Sigtor Tveit

Custom image