[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Med musikken som våpen

Forfatter: Svein Kristiansen

11. januar 2023

Fotball
News article image

Torbjørn Gran tar eit steg til sides og overlet frå nyttår sine verv i STIL-fotballen til nye krefter. Mannen med NM-medalje i ein heilt annan idrett enn fotball har vore heilt avgjerande for stabilitet og kvalitet i fotballtilbodet på Sandane dei siste ti åra. Og - om du ikkje alt visste det - den som skal ha med Torbjørn Gran å gjere må vere førebudd på eit brennande engasjement. Og bak det heile: eit varmt hjerte.

Kvifor no, Torbjørn?

-Det er fleire hensyn. Familien, prosjektet Gatelangs og jobben som musikar. Så har «Midt i trynet»-foredraga saman med Richard Prøsch tatt større og større plass det siste året. Tida strekker ikkje til, og det har blitt nødvendig å ta grep for å få tidskabalen til å gå opp.

Vi har bedt om eit intervju, og skjønner raskt at vi her må ta ein ting av gangen. Og slik blir det!

1. Livets viktigaste samtale – Midt i trynet

Torbjørn Gran og Richard Prøsch held foredrag på ungdomsskular og vidaregåande skular over heile landet. -Foredraga er bygt opp rundt Richard si historie, frå han var 11 år gamal og miste far sin, til i dag. Det heile foregår interaktivt ved at ungdomane i salen får opp spørsmål på sine mobiltelefonar under foredraget: «Har du følt deg ensom?» «Har du prøvd rusmiddel?» Dei kan også stille spørsmål undervegs i foredraget. Når vi er ferdige skriv vi inn spørsmål som kjem opp på skjermen.

Eit hovudtema i foredraget er rus, valg som ein gjer, konsekvensar dine valg kan ha. -Etter kvart har det blitt meir og meir psykisk helse, utenforskap, venner, miljø.

Og responsen?

-Responsen har vore veldig god.

Ungdomane skriv anonymt på skjermen. Foredragshaldarane gir ut sine telefonnummer, og det kjem mange meldingar til Torbjørn og kompanjongen i tida etter eit foredrag. Alle får svar. -Vi har ikkje fasiten, men kan oppmuntre til at dei kan tore å snakke med folk, tore å spørre den det gjeld. Vi er opptekne av å framsnakke dei hjelparane som finst: at ein tar kontakt med instansane som kan hjelpe. Vi legg vekt på at vi ikkje sjølv skal innta ei fagrolle. Politiet er ofte til stades og har gitt gode tilbakemeldingar.