Treningstider for barneidretten sesong 2018/2019
Forfatter: Ragnhild Gundersen
24. september 2018
Barneidretten startar opp att aktiviteten sin etter haustferien
STIL ynskjer alle velkomne til ein ny sesong - både dei som har vore med før og dei som vil vere med for fyrste gong!
Barn mellom 3 og 6 år (fødde 2012-2015) er velkomne til å delta i STIL sitt barneidrettstilbod. Opplegget i år vert etter same lest som i fjor, og det er oppstart etter haustferien. Treningane føl skuleruta og varer fram til påske.
Dei yngste borna (2014-2015) har trim i gymsalen på Sandane barneskule måndagar 17.00-17.45.
Dei eldste borna (2012-2013) har idrettsskule i gamle Firdahallen Onsdagar klokka 17-18.
Alle som deltek vert registrerte som medlemar i STIL, og betaler kr 200,- i medlemskontingent. På grunn av halleige i Firdahallen, ser STIL seg nøydde til å fakturere ei treningsavgift for deltaking på idrettsskulen. For dei eldste borna (2012-2013) vil det såleis bli lagt til ei treningsavgift på kr 350 for sesongen 2018-2019.
Oppe til høgre på sida ligg det link til informasjonsbrevet for sesongen 2018/2019.
Vel møtt!