[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane til Refvika

Forfatter: Svein Kristiansen

20. juni 2015

Fotball
News article image

Eitt av årets sportslege høgdepunkt for Sandane: bortekamp mot Tornado Måløy.

Måløy stadion er under oppussing og kampen vert derfor spela på Refvika. 

Det er eit skadeplaga Sandane som tar turen vestover. -Vi har småskadde og meir alvorleg skadde spelarar, og troppa som er klare for kamp er litt lita. Men spelarane som er disponible er meir enn gode nok, så det handlar om å få laget til å prestere, seier trenar Øyvind Hervik i ein kommentar. 

Kampstart kl 1600. Det vert ikkje livereferat frå kampen her på heimesida. Etter det vi forstår er mobildekninga dårleg der ute ved havet, men skulle vi få kontakt vil vi forsøke å halde våre lesarar noko oppdatert om kamputviklinga.