[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Mange vil bli Grasrottrenar

Forfatter: Svein Kristiansen

29. mars 2017

Fotball
News article image

Det er god påmelding til trenarkurset på Sandane førstkomande helg. Deltakarane blir dei første som får prøve e-læring som del av kursopplegget.

Dei seinare åra har vi hatt ganske mange trenarkurs på Sandane, og det er etter kvart mange som har eitt eller fleire Grasrottrenarkurs. Denne gongen er det delkurs 1 som står på planen, det vil seie at du ikkje treng kvi deg om du føler deg urøynd i trenarrolla. 

Custom image

Kurshaldar på Sandane vert erfarne Jon Georg Rutledal.

Fotballforbundet er i ferd med å prøve ut E-læring, eit nytt opplegg knytt til trenarutdanning. Kursdeltakarane på Sandane blir blant dei første som får prøve ut nyordninga.