[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

VENSTRE

Forfatter: Svein Kristiansen

03. september 2015

Forside
News article image

-Idretten må få heva statusen sin. Det meiner Venstre sin ordførarkandidat, Ragnar Eimhjellen.

Idretten har for liten status, og den må betrast. Det blir utført eit enormt dugnadsbasert arbeid av trenarar, foreldre og tillitsvalde.Tida er inne for ei profesjonalisering av idretten, som må ta betalt for tilbodet den gjev, meiner Eimhjellen, som sjølv har ein imponerande CV frå eit langt liv i idretten si teneste. 

Spørsmålet om gratis treningstid for born og unge i kommunale anlegg er blitt reist? 

Ja, dette er eit viktig prinsippspørsmål, men som alle veit var det eit sterkt ynske om å få bygt ein idrettshall som skulle stette fleire idrettar sine behov. Den hallen har vi fått, og kommunen har strekt seg svært langt for å finansiere sin del av spleiselaget med fylkeskommunen. Det seier seg sjølv at det kostar mykje å drifte eit slikt anlegg, og det må nødvendigvis gje seg utslag i auka leigesatsar. Einaste måten vi kan få ned idrettslaga sine utgifter til hallleige er auka leigeinntekter frå andre og større arrangement! Her ha vi ei stor utfordring framover. Den kommunale økonomien balanserer på ei “knivsegg”, og eg kan ikkje her og no love at treningsavgiftene for born og unge blir redusert med det første. Vi skal då hugse på at kommunen yter betydeleg tilskot til det frivillige (idretten) gjennom kulturmidlane. Det er klart at dette på langt nær dekkjer utgiftene som laga har til hall-leige, men eg trur foreldre trass alt er villige til å betale for at borna sine får gode (dei beste?) treningstilhøve. Vi ser f.eks. kva foreldre er villige til å betale for å ha borna i Kulturskulen!