[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Måløy vann over Sandane

Forfatter: Svein Kristiansen

09. september 2023

Fotball
News article image

Måløy gjorde det i andre omgang, og vann til slutt ein sterk og fortent seier over Sandane.

Foto: Stig Høynes

Sandane - Måløy 2-4 (1-0)

Kretsligaen

Sandane Idrettspark

Sandane gjekk til pause med 1-0 leiing etter at Jonas Løvland med ein sterk einmannsprestasjon vendte vekk sin oppassar og avslutta med eit flott mål høgt oppe i hjørnet. Dette var STILs første sjanse i kampen. Måløy på si side hadde eit par gode mogelegheiter tidleg i kampen, men Sandane hadde elles god kontroll på gjestene.

Dette snudde heilt i andre omgang. Måløy var det førande laget og dei gjekk etterkvart opp i 2-1, og det verka usikkert om STIL hadde noko å svare med. Men det hadde dei. Innbyttar Reinhart Aagård Midthjell debuterte på A-laget med å nikke eit fint slått frispark i mål.

Men i sluttminutta viste Måløy seg igjen som det beste laget og sikra seieren med to fine skåringar.

Dagens STIL-spelar: August Aa Berge.

-Vi spela ein god første omgang, medan andre omgang ikkje var god nok. Vi må trene meir! Måløy sprang over oss og vann fortent, seier Sandane-trenar Simon Gimmestad i ein kommentar.

Firda-Live frå kampen

Custom image