[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Radarparet

Forfatter: Svein Kristiansen

19. desember 2023

Fotball
News article image

Trenar Jan Ove Ødven og oppmann, sjåfør og altmogelegmann Trond Salveson vart raskt eit radarpar då dei tok over ansvaret for STILs herrelag i 2006.

Biletet: Sandane hadde ein formidabel haustsesong i 2009 og sikra opprykk til 3. divisjon. Foto: Sjur Gimmestad.

Jan Ove Ødven er ein av dei mest trufaste fotballtrenarane STIL har hatt. Frå 1991 2018 hadde han samanhengande trenaroppgåver i STIL i 28 sesongar!

I perioden 2006-2014 var han trenar for A-laget til STIL. Det var eit generasjonsskifte på gang og STIL stilte til start i 3. divisjon med eit lag som besto av eit stort antall 15-17-åringar. Laget rykka ned i 4. divisjon og hevda seg godt der fram til året 2009. Denne sesongen hadde laget ein stigande kurve og det enda med andreplass og opprykk til Firdaligaen (3. divisjon), saman med Dale. Den påfølgande sesongen var det serieendringar på gang og kun dei 6 beste laga ved sesongslutt vart ståande i divisjonen. Sandane kom på 9. plass og det vart nedrykk til den nye 4. divisjon.

Etter at han gav seg som A-lagstrenar heldt Ødven fram som trenar i aldersbestemt fotball. I 2015 vart han Årets trenar i barne- og ungdomsfotballen i Sogn og Fjordane. Gutelaget han leia spela alle sine kampar utan tap.

-Det er tale om ein skikkeleg stayer i fotballfylket. Sju av spelarane på laget har fått prøve seg på A-laget siste sesong. Han har ein leiarstil og evne til å kommunisere med ungdomane som har skapt eit solid fellesskap. Han ser kvar enkelt spelar og gir kvar enkelt det dei treng for å utvikle seg vidare. Han har hatt ei viktig rolle i arbeidet med klubben sin sportsplan og er ein trenar som er open for samarbeid og nye impulsar, sa Jan Tore Jåstad i NFF Sogn og Fjordane, då prisen vart dela ut.

Trond Salveson var ein sentral mann i STIL fotball i perioden 2003-17. I desse femten åra var han medlem av fotballstyret og ein krumtapp i arbeidet rundt herrelaget. I lange periodar var han oppmann, sjåfør, materialforvaltar og arrangementsansvarleg i ein og same person!

Custom image

Foto: Svein Kristiansen

Først og fremst var han likevel ein miljøskapar av rang. Han hadde ei særskilt evne til kommunikasjon med spelarane. -Trond vaskar klede, er med på alt, og bryr seg om oss! var attesten han fekk frå A-lagsspelarane i 2007.

Og det stemte: Om vinteren kunne ein finne Trond med ishakke og spade for å hakke laus det gjenstridige isdekket på kunstgrasbana, i timane før kamp ordna han med alle praktiske ting, og han deltok på så å seie alle treningar og kampar. Han var den sjølvsagte sjåfør av spelarbussen til bortekampane. Mang ein spelar har kjent suget i magen når Trond trykte litt ekstra på gassen før nedkjørsla frå Gaularfjellet. Om ein ser bort frå denne lettsindigheita var Trond ein svært stødig, trygg og god sjåfør.

Sidan har fleire generasjonar fotballspelarar nytt godt av Tronds engasjement og nærvær. Først i 2017 sa Trond frå om at nok fekk vere nok.

Les intervjuet vi gjorde med Trond Salveson i 2007: Har du nokon gong lurt på korleis brusen kjem seg inn i STIL-kiosken. Eller korleis det kan ha seg at det står fire flagg i kvart hjørne av bana når kampane startar?

Custom image

Foto: Sjur Gimmestad