STIL manglar leiar
Forfatter: Svein Kristiansen
08. mars 2016
STILs årsmøte var godt besøkt og handsama ei rekke saker. Valnemnda hadde gjort ein god jobb og dei aller fleste verv var på plass, men - leiarvervet står framleis åpent. Dei avtroppande leiarane, Sjur Gimmestad og Svein Kristiansen, tok to månader ekstra i sjefsstolen, medan valkomiteen og heile STIL leitar vidare.
Årsmøtet gav uttrykk for at STIL som organisasjon har tatt gode steg det siste året. Den nye leiaren vil erfare at mange ting er på plass i forhold til den daglege drifta av klubben. -Eit leiarverv i ei av dei store gruppene er nok ei langt større og meir arbeidskrevjande oppgåve enn leiarskapen i AU, vart det sagt på årsmøtet.
Det nye arbeidsutvalet i STIL ser slik ut:
Julie Hauge Hjelmeset, nestleiar (ny)
Hilde Austrheim, sekretær (attval)
Maren Vereide (kasserar)
Marianne Hjartholm (vara)