Opprykk til 3. divisjon
Forfatter: Svein Kristiansen
07. desember 2023
Aldri før hadde STIL vore så høgt oppe i divisjonssystemet.
Bildet: Sandane rykte opp i 3. divisjon i 1965 som det tredje laget i Sogn og Fjordane. Bak f.v.: Egil Skeie, Olav Moen, Helge Lyslo Oddmund Huslid, Alf Ødven, Tore Haugen. Framme f.v.: Kjell Nøstdal, Jon Seljeseth, Ragnar Eimhjellen, Kåre Holvik og Ingebrigt Øvreseth.
Tekst: Jan Nik. Hansen
Åra frå 1965-75 vert kalla "Berg og dalbane-åra". I 1965 rykte STIL opp i 3. divisjon etter ein svært god sesong. Så høgt i divisjonssystemet hadde STIL aldri vore tidlegare. Men det var knytt ein viss skepsis til opprykket av fleire årsaker. Fleire spelarar budde vekke og måtte hentast til kampane. Dessutan vart heimekampane spelte på Byrkjelo fordi grusbana på Idrettsplassen skulle få grasdekke. Det førte til mindre publikum. Det måtte nesten gå som det gjorde. Laget greidde berre å sanke tre poeng.
I dei komande åra var det vandring mellom 4. og 5. divisjon annakvart år med unntak for 1972, -73 og -74 der det var 5. divisjon.