Dingemoen next
Forfatter: Svein Kristiansen
01. oktober 2015
Sandane måler krefter med Dale fredag kveld.
Vi er komne til serierunde nr 20 i årets 4. divisjon. Dingemoen har i grunnen aldri vore nokon favorittarena for Sandane, og det var lenge snakk om år mellom kvart STIL-poeng der sør. Men dei siste åra med kampar på kunstgraset i Dale har STIL fått eit lite overtak på Dale, utan at det kan seiast at Sandane har kome lett til poenga. Dei seinare åra har det blitt uavgjort på Dales heimebane, i 2014 vart resultatet 1-1 etter mål av Thomas Dyrrdal. Sandane leia for øvrig den kampen til det sto att vel 10 minutt.
Våre menn kan like godt merke seg dette: Dalekatane gjev aldri opp.
STILs haustsesong har vore resultatmessig variabel, men vi det er like fullt grunn til å slå fast: laget har hatt framgang. Eit fælt nederlag mot Høyang (3-7) tidleg i august har blitt avløyst av ei pen seiersrekke, berre avbrote av fortente nederlag (Florø 3 og Fjøra). Sist helgs 3-0-gevinst mot Sogndal 3 var eit spelemessig og humørmessig høgdepunkt, der det hurtige Sandanespelet langs bakken verkeleg gjorde susen.
Vi har tru på seier for Sandane, men det er avhengig av duellvilje, tempo i eige spel og nådelause avslutningar. Skal vi innvende noko etter Sogndal 3-kampen er det kanskje at sjansesløseriet var vel stort.
Frå førre helg har Sandane Håkon Schjølberg, Vegard K. Flatjord og Andreas B. Vereide tilbake i troppen. Og moro er det at Sebastian Haugen og Anders Silden som snarast er heimom og klar for innsats.
Dale har hatt ein god haustsesong , med 14 poeng på 8 kampar og kun tre tap: heime mot Vik (2-3), borte mot TMFK (1-6) og Fjøra 0-7.