Sandane vann festen
Forfatter: Gro Pleym Iversen
16. mai 2023
Sandane - Jølster 3-1
Sandane – Jølster, 4. div. menn
Tysdag 16. mai 2023 kl. 19 i Sandane Idrettspark. Publikum: ca. 300
Sandane vann fortent 3-1 over Jølster. Sjå oppsummeringa frå liverapporteringa til Ingmar Sægrov her: Resultatservice på Firdaliven
STIL sitt trenarteam; Simon André Gimmestad og Bjarte Skaaden hadde følgjande kommentar etter kampen:
Vel fortent seier etter strålande laginnsats.
Vi visste at Jølster var eit lag med stor innsats og vilje og var klare på at vi måtte matche dette - og det gjorde vi.
Vi bør gå til pause med ei større leiing. I pausen var spelarane offensive i haudet. Andre omgang blir litt mer oppjaga enn vi ønsker.
Trenarane framheva keeperne Almar Eli Færseth og Erlend Hetle, som begge hadde kjemperedningar.
To av dei som viser seg fram i dag er August Aa Berge (2006) og Sander Aske Granheim (2007).
Det er eit stort spenn i alder på laget med 22 år mellom eldste og yngste spelar.
Trenarane og spelarane takkar for kjempegodt oppmøte. Spelarane er kjempefornøyde med eit strålande publikum.
JØLSTER sitt trenarteam; Leander Mulen Sunde og Jo Paulen Helgheim er sjølvsagt skuffa etter kampen.
Dei framhever at dei får til ein del av det dei har lyst å prøve på, men konkluderar med at Sandane er meir effektive enn dei denne dagen.
Leander Mulen Sunde nyttar høvet til å skryte av arrangementet. Det var ei flott ramme rundt kampen.
Arrangøren er sjølv svært nøgde med arrangementet. Utrolig flott å sjå så mange på kamp! Begge laga hadde fantastiske heiagjengar, men Jølstringane var kanskje hakket meir synkronisert!
Takk til dagens speaker; Andreas Skeistrand Bakkelid og til dagens dommarar:
Hovud dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre (Fjøra FK), Ass.dommer 1: Jarle Andersen (Syril IL), Ass.dommer 2: Vegard Aa Albretsen (Kaupanger IL)
Takk til G/J 12 som var med på innmarsjen og spelte kamp i pausen, og til G17 som selde grilla pølser og kaker (dugnad til Norway Cup)
Intersport sponsa både dagens STIL-spelar og Jølster-spelar med eit gåvekort.
Dagens STIL spelar: Sander Aske Granheim
Dagens Jølster spelar: Jakob Gjesdal Eikås
Vi hadde to konkurransar; tipp resultatet - vinn eit skjerf og trekning av 4 gratis inngongsbillettar til Rusfri 16. mai feiring.
Neste heimekamp er laurdag 24. juni mot Vik. Håpar vi sjåast!